onsdag 16. desember 2009

Storesøster



Vi har no fått to søner i hus, og ei dotter. Denne dottera er sjølvsagt ikkje berre storesøster, lenger. Ho er store-storesøster. Og ei store-storesøster kan risikera å mista tenner.

Men ei store-store-søster bør også kunne sykle på tohjulssykkel, og slik ser sykkelen dottera vår valde seg ut.

Så spørst det kven som kjem til å bruka sykkelen mest?

tirsdag 8. desember 2009

Siste nytt

Denne gangen blir det ikke så mye tekst, men desto flere bilder. Ta for dere og nyt den nye verdensborgeren. Daniel ble veid til 3720 gram og målt til 53 cm. 2 uker før termin kom han ut snarveien, akkurat som planlagt.

Ikke mange sekunder gammel, men absolutt ivrig.

Så skal det måles og veies. 36 cm rundt hodet, 53 cm lang og 3720 gram tung.

Det ble en tung gutt, tross at han ikke fikk ligge og godgjøre seg til siste slutt.

Stolt trebarnsfar.

Allerede inntatt sitt første måltid, og ser han noe tenksom ut?

Kjartan

lørdag 5. desember 2009

Ein flott, men travel haust

Som fleire bemerkar, er vi ikkje den familien som er flinkast til å oppdatere bloggen vår. Ikkje gje opp, det finst jo noko som heiter nyttårsforsett... Så det er håp i hengande snøre, med andre ord. Fortsettelse følger.

I skrivande stund befinn vi oss i Nairobi. Hit har vi kome i forbindelse med at Daniel skal komme ut av mors mage. Vi kosar oss også glugg i hel i lag med resten av gjengen som er her for fellesperiode på den norske skulen (NCS) i Nairobi. Her blir det mykje førjulskos med andre norske barn.

Kjartan har hatt gyldig grunn til ikkje å delta i oppdatering av bloggen denne hausten. Arbeidsmengda har vore stor, det toppa seg mot slutten med 70-80 t aktiv jobbing i veka. Jørgen informerte stadig om kva faren gjorde på; "pappa på jobb". Konemor har jobba så mykje som gravidhelsa har holdt, så heile familien var no klare for ein pause frå Haydomlivet. Vi planlegg å bli her i seks veker, så både jule- og nyttårsfeiring blir nok i storbyen.


Dei første dagane gjekk med til å komme seg i orden. Midt i dette fekk vi også med oss kenyansk-tanzaniansk bryllup. Ein triveleg kenyansk clinical officer hadde funne brura si i Haydom, og vi var heldige som var i Nairobi då bryllupet gjekk av stabelen. Vielsen varte i tre timar og det kan vera utfordrande nok for både barn og høggravide, men dei vart godt gift og maten var god.


No har vi roa oss ned her etter at alle julepakkar og julekort er sendt avgarde. På onsdag hadde vi ein feriedag med heile familien på eit badeland ein time frå Scripture Mission. Ei god stund sidan sist vi var der, men etter litt fram og tilbake var vi framme. Då Turid var lita, bada ho i Sykkylvsfjorden til ho var blå rundt munnen. Som mor, så dotter. Og son for den saks skuld. Dette var heilt topp. Og ingen vart sjuke!

Turid og Kjartan




onsdag 16. september 2009

Ei barnekiste...

Ei barnekiste er ikkje eit godt syn for auga. Verken i Norge eller i Afrika. Det har fleire gongar skore meg i hjarta når eg ser ein far feste ei lita kiste på bagasjebrettet på sykkelen sin for å frakte ho heim. Dei fleste, voksne som barn, blir her begravne i eit hjørne av tomta heime.

Denne gongen fekk eg det enno nærare inn på meg. I fjor fekk vi vere med i bryllupet til barnepika vår si søster. Det var stor fest med vener, naboar og familie. Vi fekk pilau (krydderris med kjøt og poteter), brus og div korsang. Dei venta sitt første barn no i september. Eg fekk vere med ho som jordmor under noko av fødselen og var spent på korleis det kom til å gå, det er jo alltid spesielt med første fødselen. Og det er ikkje så mange av dei fødande her eg kjenner.

Barnet blei født midt på natta og hadde visstnok vore heilt slapt etter fødselen, men kom seg nokonlunde i gang etter ei stund. Hushjelpa vår ringte meg kl 6.30 og fortalte at gutten var fødd, men sleit litt med pusten. Då eg gjekk opp på Føden for å sjå til han, såg eg umiddelbart at han hadde dei fleste teikn på Down's syndrom. Han sleit også litt med pusten og var generelt veik i musklane. Mange med Down's syndrom har hjertefeil, men denne gutten hadde ikkje det. Likevel blei han akutt dårleg litt seinare på formiddagen. Vi gjenoppliva han 3 gonger på dagen. Han hadde altså likevel ikkje nok krefter til å overleve, ikkje på Haydom iallefall, og døydde neste natt.

Begravelsen var ei sterk oppleving for meg. Kanskje litt spesielt sidan eg for tida har ein eigen liten gut i magen... Det som fascinerer meg, er kor sterke folk kan verke. Men som barnepika vår sa etterpå; det er ikkje vanleg med mykje gråt i begravelsen når barnet er så lite, for det er jo ingen som kjente han så godt... Mora må nok vere den som kjenner på den næraste sorga. Den lokale evangelisten hadde ein fin måte å snakke på, talen fokuserte på den nye kroppen vi skal få i himmelen og den døde kroppen som eit tomt skal. Sjela er hos Gud. Alle frammøtte fekk vere med å kaste nokre nevar mold på kista etter at ho var komen i jorda. Så sang vi salmar, heilt til 5-6 mannfolk var ferdig med å kaste igjen heile grava. Det var fint å få  vere med på ei slik  verdig avslutning for den lille, nydelege gutten som berre fekk leve eit knapt døgn.

Turid

lørdag 8. august 2009

Borte bra ...

Då er vi på god veg mot å fullføre første veke heime i Haydom. Flyturen gjekk så glatt som han kan, med kun ei forsinking på ein time ved landing i Nairobi og to trøytte ungar i passkontrollen. Omsorgsfulle kollegaer hadde sørga for at vi hadde havregryn og melk klar til frukost.

På veg til Arusha gjekk ting som smurt og turen var over på under 5 timar med lovleg fart. Fortsatt ein god del omkjøring i samband med ny veg, men der det er nytt lovar det særs bra for framtida. Lydbok er ein god ting, også i Aust-Afrika, og Hedda koste seg storleg med Marikken.

Siste etappe gav oss ei ny erfaring. På flaten asfalten vart det plutseleg vanskeleg å styra bilen, og ganske rett - punktering. Greitt nok. Det tek ikkje all verdens tid å skifte hjul, og vi stoppa i neste landsby for å få hjelp til å lappe slangen. Men der var det ikkje hol i slangen - han var delt i to langs saumen. Og den som trur at ein kan få noko anna enn ny, brukt innerslange på veg til Haydom, må nok tru om igjen. Men vi køyrte vidare med visse om at vi hadde reservehjul, sjølv om slangen nok var lappa meir enn eit dusin gonger. Den slangen må nok skiftast før vi tek ut på tur igjen.

Med to ufrivillige stopp på 1/2 time var vi no ein time etter skjema og køyrte difor utan skikkelege pausar. Som alle fan av Lynet McQueen veit, straffar det seg å kutta pit stop. Så også med barn i bilen, og då vi rett før mørkret toga inn gjennom porten, sat alle fire i framsetet med Jørgen som sjåfør.

På trappa hadde gode naboar lagt fram ein pose rundstykker til oss. Godt å vere heime.

søndag 12. april 2009

Og jula varer heilt til påske...

God påske!

Herrens vegar er uransakelege, blir det sagt. Vår opplevelse er at også postvesenet i Mbulu, Tanzania, er det. Sjekk berre dette bildet tatt i dag, 1.påskedag...



Vi hadde "julaftan" i forrige veke etter å ha mottatt ikkje mindre enn 4 pakkar og ein del brev. Vi fekk ikkje mindre enn tre pakkar frå våre tyske vennar Ingrid, Tilman og co, posta i oktober, desember og februar. Pakken frå Susanne kom også fram. Hurra!Tusen takk!! Ingen skal påstå at pakkane ikkje kjem fram hit, nei, om enn litt i rykk og napp. Vi ventar td framleis på ein pakke med tacokrydder som blei sendt for eit år sidan. Dersom det ikkje er stelt eller brent, kjem det vel fram...

I mellomtida skal nok Jørgen få brukt nissedrakta si, barnepika kjem til å synest den er perfekt. God og varm i den sure regntida. Kanskje må vi vurdere den som 17.mai antrekk, det nærmer seg trass alt kaldere tider her i Haydom.

Avansert frisyre



Eg får vel lese ei bok mens eg ventar på kva mamma skal gjere...



Jaså, så det var dette som venta meg...



YES!!!!!