onsdag 16. september 2009

Ei barnekiste...

Ei barnekiste er ikkje eit godt syn for auga. Verken i Norge eller i Afrika. Det har fleire gongar skore meg i hjarta når eg ser ein far feste ei lita kiste på bagasjebrettet på sykkelen sin for å frakte ho heim. Dei fleste, voksne som barn, blir her begravne i eit hjørne av tomta heime.

Denne gongen fekk eg det enno nærare inn på meg. I fjor fekk vi vere med i bryllupet til barnepika vår si søster. Det var stor fest med vener, naboar og familie. Vi fekk pilau (krydderris med kjøt og poteter), brus og div korsang. Dei venta sitt første barn no i september. Eg fekk vere med ho som jordmor under noko av fødselen og var spent på korleis det kom til å gå, det er jo alltid spesielt med første fødselen. Og det er ikkje så mange av dei fødande her eg kjenner.

Barnet blei født midt på natta og hadde visstnok vore heilt slapt etter fødselen, men kom seg nokonlunde i gang etter ei stund. Hushjelpa vår ringte meg kl 6.30 og fortalte at gutten var fødd, men sleit litt med pusten. Då eg gjekk opp på Føden for å sjå til han, såg eg umiddelbart at han hadde dei fleste teikn på Down's syndrom. Han sleit også litt med pusten og var generelt veik i musklane. Mange med Down's syndrom har hjertefeil, men denne gutten hadde ikkje det. Likevel blei han akutt dårleg litt seinare på formiddagen. Vi gjenoppliva han 3 gonger på dagen. Han hadde altså likevel ikkje nok krefter til å overleve, ikkje på Haydom iallefall, og døydde neste natt.

Begravelsen var ei sterk oppleving for meg. Kanskje litt spesielt sidan eg for tida har ein eigen liten gut i magen... Det som fascinerer meg, er kor sterke folk kan verke. Men som barnepika vår sa etterpå; det er ikkje vanleg med mykje gråt i begravelsen når barnet er så lite, for det er jo ingen som kjente han så godt... Mora må nok vere den som kjenner på den næraste sorga. Den lokale evangelisten hadde ein fin måte å snakke på, talen fokuserte på den nye kroppen vi skal få i himmelen og den døde kroppen som eit tomt skal. Sjela er hos Gud. Alle frammøtte fekk vere med å kaste nokre nevar mold på kista etter at ho var komen i jorda. Så sang vi salmar, heilt til 5-6 mannfolk var ferdig med å kaste igjen heile grava. Det var fint å få  vere med på ei slik  verdig avslutning for den lille, nydelege gutten som berre fekk leve eit knapt døgn.

Turid