mandag 22. mars 2010

Barnedåp i Nairobi

På avslutningsmøtet på misjonærkonferansen, søndag 14.mars,  blei Daniel døypt. Veldig kjekt for oss med gode venner og kollegaer å dele denne dagen med.

Alle ungane får vere med å sjå på. Leif Thingbø sørger for forevigelse på film, så kan familien i Norge også få det med seg på sikt..

Ungane framfører sangen dei har øvt på heile veka på barneopplegget på konferansen; "Jesus, her er jeg, send meg". Ein utruleg flott gjeng! Jørgen synst det var tryggast å holde Hedda i handa, litt skummelt med det store publikummet.

Nam nam! Marsipankake er godt.... Like godt i Afrika som i Norge.

Alle gode ting er tre! Ellers bør det nemnast at Daniel sin dåpskjole sist var sett som brudepikekjole i bryllupet til Merete og Andreas Benestad i fjor sommar. Gjenbruk er sterkt undervurdert.

Takk til "døyparen" Rune Mjølhus og faddarar Lars og Kjersti Stensland. Faddarar i Norge er Elin og Håvard Krogedal og Astrid Stavseth. Takk takk.