lørdag 30. januar 2010

Grøvan og Walde i Afrika

Ikkje mange dagar etter at Daniel hadde sett føtene, eller ryggen, på tanzaniansk jord, fekk han besøk. Gunn Britt og Fredrik Grøvan tok saman med Signe og Nils Walde turen til Haydom for å sjå og delta i helsemisjon i praksis. Dermed vart det gjensyn med vener frå Salem i Bergen for oss vaksne, og dei små fekk leikekameratar. Daniel og Samuel, Jørgen og Mikal, Hedda og Hannah.



Etter tre veker sit vi att med mange gode minner. Og vi gir den sporty familien terningkast seks for at dei faktisk kom seg avgarde på tur til Afrika med tre små barn! Imponerande!

Sjølv om ein Toyota Landcruiser er stor og rommar både bagasje og folk, er det kjekt at gjestene får sjå kva lærartante Anne Hjørdis kan få til med ein slik bil. 5 vaksne og 3 barn gjer at ein del må på taket.

Tusen takk for besøket og hjartelig velkomne tilbake!!!!