lørdag 8. august 2009

Borte bra ...

Då er vi på god veg mot å fullføre første veke heime i Haydom. Flyturen gjekk så glatt som han kan, med kun ei forsinking på ein time ved landing i Nairobi og to trøytte ungar i passkontrollen. Omsorgsfulle kollegaer hadde sørga for at vi hadde havregryn og melk klar til frukost.

På veg til Arusha gjekk ting som smurt og turen var over på under 5 timar med lovleg fart. Fortsatt ein god del omkjøring i samband med ny veg, men der det er nytt lovar det særs bra for framtida. Lydbok er ein god ting, også i Aust-Afrika, og Hedda koste seg storleg med Marikken.

Siste etappe gav oss ei ny erfaring. På flaten asfalten vart det plutseleg vanskeleg å styra bilen, og ganske rett - punktering. Greitt nok. Det tek ikkje all verdens tid å skifte hjul, og vi stoppa i neste landsby for å få hjelp til å lappe slangen. Men der var det ikkje hol i slangen - han var delt i to langs saumen. Og den som trur at ein kan få noko anna enn ny, brukt innerslange på veg til Haydom, må nok tru om igjen. Men vi køyrte vidare med visse om at vi hadde reservehjul, sjølv om slangen nok var lappa meir enn eit dusin gonger. Den slangen må nok skiftast før vi tek ut på tur igjen.

Med to ufrivillige stopp på 1/2 time var vi no ein time etter skjema og køyrte difor utan skikkelege pausar. Som alle fan av Lynet McQueen veit, straffar det seg å kutta pit stop. Så også med barn i bilen, og då vi rett før mørkret toga inn gjennom porten, sat alle fire i framsetet med Jørgen som sjåfør.

På trappa hadde gode naboar lagt fram ein pose rundstykker til oss. Godt å vere heime.

2 kommentarer:

Mama Na mambo yake sa...

Thank you for the nice story of your safari. It gave me so good memories from the 8years we were in Haydom and the children were small!I think the road was not so good then.We came to Finland at 1990.Mungu awabariki!Laila

Anonym sa...

Hei! Flott å se at dere er fremme! Veldig kjekt å få treffe dere når dere var i Norge en kjapp tur. Det begynner å fylles opp med klær som er for små hos oss, så nå må det snart sendes en pakke ;-) Lykke til med oppstarten. Klemmer fra Moi's