lørdag 5. desember 2009

Ein flott, men travel haust

Som fleire bemerkar, er vi ikkje den familien som er flinkast til å oppdatere bloggen vår. Ikkje gje opp, det finst jo noko som heiter nyttårsforsett... Så det er håp i hengande snøre, med andre ord. Fortsettelse følger.

I skrivande stund befinn vi oss i Nairobi. Hit har vi kome i forbindelse med at Daniel skal komme ut av mors mage. Vi kosar oss også glugg i hel i lag med resten av gjengen som er her for fellesperiode på den norske skulen (NCS) i Nairobi. Her blir det mykje førjulskos med andre norske barn.

Kjartan har hatt gyldig grunn til ikkje å delta i oppdatering av bloggen denne hausten. Arbeidsmengda har vore stor, det toppa seg mot slutten med 70-80 t aktiv jobbing i veka. Jørgen informerte stadig om kva faren gjorde på; "pappa på jobb". Konemor har jobba så mykje som gravidhelsa har holdt, så heile familien var no klare for ein pause frå Haydomlivet. Vi planlegg å bli her i seks veker, så både jule- og nyttårsfeiring blir nok i storbyen.


Dei første dagane gjekk med til å komme seg i orden. Midt i dette fekk vi også med oss kenyansk-tanzaniansk bryllup. Ein triveleg kenyansk clinical officer hadde funne brura si i Haydom, og vi var heldige som var i Nairobi då bryllupet gjekk av stabelen. Vielsen varte i tre timar og det kan vera utfordrande nok for både barn og høggravide, men dei vart godt gift og maten var god.


No har vi roa oss ned her etter at alle julepakkar og julekort er sendt avgarde. På onsdag hadde vi ein feriedag med heile familien på eit badeland ein time frå Scripture Mission. Ei god stund sidan sist vi var der, men etter litt fram og tilbake var vi framme. Då Turid var lita, bada ho i Sykkylvsfjorden til ho var blå rundt munnen. Som mor, så dotter. Og son for den saks skuld. Dette var heilt topp. Og ingen vart sjuke!

Turid og Kjartan




Ingen kommentarer: